Kaninbyen er ein roman skrive av Arild Rein, og vart valt av folk i Stavanger til å vera ein del av Sølvberget og Stavanger2008 sitt prosjekt ”Heile byen les”. Den vart først gitt ut i 2004 av Det Norske Samlaget, som siste del av Stavangertriologien til Arild Rein.
I Kaninbyen følgjer me den tidligare politimannen Jonny Roxmann, som bur i ei kolonihagehytte på Eiganes, utan anna selskap enn thailandske Kim Bru som kjem for eit ligg frå tid til anna. Han planlegg å selje bakte poteter på Gladmatfestivalen, for å tilbakebetala noko av gjelda han sitt med.
Hovudpersonen i boka, Jonny Roxmann, vart sparka som politimann etter å ha leidd leilegheita til mora ut til prostituerte. Han er ein trist type; ein skal leite lenge for å finne ein meir sjølvsentrert og usympatisk mann. Den einaste personen det ser ut som om han faktisk likar i boka, er Kim. Kim er thailandsk og jobbar som resepsjonist på Atlantic Hotel. I byrjinga av boka trur ein ikkje det er noko meir spesielt med ho, men det kjem fram i løpet av boka at ho sitt på eit par hemmelegheiter ho og.
Handlinga er satt til Stavanger-området, som blir utsett for kraftig kritikk frå hovudpersonen. Sidan det ofte blir artigare å lese ei bok der du kjenner miljøet som vart beskrive, vil eg seie at boka er best egna for folk som har eit forhold til Stavanger-miljøet og tåler å høyre det bli rakka ned på.
Stavanger, bilde fra Flickrcc
Arild Rein skriv på eit grovt og ærleg språk. Han har fått mykje kritikk for dette, særleg for all banninga; ord som ”jævla” og ”faen” fyller store deler av boka. Eg oppfatta språket som munnleg og greitt, men til tider virka det litt overdrive og forstyrrande.
Alt i alt vart eg ikkje spesielt begeistra for boka, og trur ikkje eg ville ha anbefalt ho til nokon andre. Sjølve historia var ikkje så spennande, og eg vil tro boka passer betre for folk med ein litt annan sans for humor enn min. Språket virka også til tider litt forstyrrande.
Kildehenvisninger:
Dahl, Berit Helene, et.al. 2009. Grip Teksten. Aschehoug. Skien.
Omdal, Sven Egil. 2008. Maniert hatbok fra fuckin Stavanger. Aftenbladet – kultur.
Lokalisert 25.02.11: http://www.aftenbladet.no/kultur/bok/article48893.ece



